Matt 17,1-9 – Kristi Forklarelsesdag 2023
Steg for steg opnar Jesus sitt livs mysterium for disiplane. At her er meir enn meisteren, meir enn den omvandrande læraren. Men den dagen Peter seier: ”Du er Guds Messias”, forbyr Jesus han å nemne det meir, for dei kunne ikkje forstå det.
Før dei kan forstå, må dei vere med på dette: ”Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slått i hel, og tredje dagen skal han stå opp att”.
Skyer skal dekke himmelen. Dei skal legge åsane i Galilea bak seg, og Golgata-klippa skal reise seg framfor dei. Populariteten skal ta slutt, og massene skal forlate Jesus. Døden skal sjå ut til å vere sterkare enn livet. Alt skal takast ifrå dei.
Difor tek Jesus dei med opp på Tabor. Gud er ein Gud som openberrar seg på fjell. Han stig ned på fjellet for å gi menneske ein glimt. Slik han i si tid gjorde på Sinai. På fjellet får disiplane eit overveldande syn av Jesu guddomlege herlegdom. Dette skal dei hugse når mørkret rugar og krisa kjem. Dette skal vi minnast når døden og dødskreftene synest å ha vunne.
Her i Vesten i vår generasjon har mange mist evna til å erkjenne ”den usynleg verda”. Himmelen og englane er blitt dunkle. Jesus som Allherskaren, som det sigrande Lammet, som Kvitekrist fadar bort i horisonten. Mange tilbed det synlege skaparverket, men dei gløymer Skaparen. ”Den historiske Jesus” er lett å forestille seg, men i den usynlege verda sit Han ”ved Faderens høgre”. Eit redusert verdsbilete utan den usynlege verda dominerer tankar og fantasiar i dag.
Det er synd, for her er vi ved sjølve nerven i den kristne religion. Heile påskemysteriet ligg i dette at ”Gud var i Kristus og forsona verda med seg” (2 Kor 5,19). Gud var i Kristus, i Messias, i Jesus. Det skulle lyse for apostlane når det såg ut som Gud hadde forlate han og hadde forlate dei. Då trengte dei å sjå at han er Gud.
Og når Jesus døyr på krossen, skjer det noko i den usynlege verda, i himmelen. Det står skrive at Jesus er ”prest til evig tid på Melkisedeks vis”. Han går inn i ”det teltet – det tabernaklet – som ikkje er laga av menneskehender”, inn i det himmelske templet; ”ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod” (Hebr 9, 11ff).
Dette er det vi feirar i kvar einaste messe. Ikkje fjern metafysikk, ikkje ei eventyrleg historie om enkle folk som fekk hallusinasjonar på ein fjelltopp. Det handlar om det dramaet som livet er. Skaparverket er ikkje berre tilfeldig masse, på blind ferd gjennom rommet. Det er er eit verk av han som er ”ljosens Fader”, han ”som er opphav til all god gåve og all fullkomen gåve”. Han la sin guddomelege orden ned i det han gjorde.
Kvar er så vi menneske? Mennesket er eit pattedyr, men også ein liten gud, imago dei, Guds bilete, som har fått fridom og evig ansvar. Og alt dette er kasta ut i ein kamp mellom ljos og mørkre, mellom liv og død, mellom Gud og hans fiende. Livet ditt utfaldar seg i den synlege verda – men også i den usynlege. Om du berre hadde sett det og innsett det!
Det kjem tider då det kan sjå ut som om Gud er borte, som om alt er tapt! ”Redsle kom over han – eit stort mørker”, står det om Abraham. Redsle og mørkre kom også over Jesus. Redsle og mørkre vil kome over oss. Vi lever i ei tid då motstanden mot Herrens utvalde og hans kyrkje tårnar seg opp, forføringane vinn stadig moment, og angst og gru kjem over dei trufaste.
Men vi må gjennom det. Vi veit at der er ljos på den andre sida av det ofte ugjennomtrengelege mysteriet som er livet vårt.
Forklåringssundagen vil lære oss å sjå både Jesu liv og vårt eige liv i Tabor-ljoset. ”Sett meg så jeg ser deg, Jesus, / sett meg opp til deg / så at dine kjære øyne festes kan på meg” syng dei på bedehuset. Også vi veit at ein dag skal ”morgenrøden bak tvil og vånde velle ut”.
Då ventar oss ein evig forklåringssundag,
til ære for Faderen, Sonen og Heilaganden, som var, er og blir, éin sann Gud, frå æve til æve.
+ Ottar Mikael





