Intervju med biskop elect Ottar Mikael

– Kjære biskop elect, fr. Ottar Mikael. Kan du si litt om din oppvekst og bakgrunn?
Kampen for tilveret fekk eg lære som son til ein søndagsskulelærar på eit småbruk med geiter, hesjing, traktor og naust. Og med tre generasjonar i huset til eg var 12 år. Men langt frå kyrkje, så barnelærdomen vart henta på bedehuset. Eit år som utvekslingsstudent i USA vekte politisk engasjement. I studietida møtte eg tidleg eit høgkyrkjeleg miljø som sette preg. Eg lærte å be tidebøn, verdsetje liturgi og teologi.

– Vi har merket at ditt språk f.eks. i lectionariet er på nynorsk. Språket er en viktig del av din identitet?
Absolutt. Målet hennar mor er ein del av ryggmargen og identiteten min. Mi erfaring frå administrativt arbeid er også at nynorsk-brukarar flest kan gjere seg betre forstått på bokmål enn bokmålsbrukarar vanlegvis kan på nynorsk. Så eg trur vi er ein verdifull minoritet i samfunnet.

– Har du under studietiden eller senere fordypet deg i noe bestemt emne?
Arbeidet med ei oppgåve om vedkjenningsdanninga i den eldste kyrkja vekte interesse for oldkyrkja og kyrkjefedrane. I prestetenesta hadde eg ein lengre studiepermisjon og fordjupa meg i kyrkjekunst. Som kyrkjelydsprest erfarte eg tidleg kor viktig det liturgiske livet er, og dermed vart liturgihistorie ei interesse.

– Hva er det som gjorde at du ønsket å konvertere til å bli katolikk, og i gammelkatolsk tapning?
Utover på 1990-talet erkjente eg at endringane i Den norske kyrkja bort ifrå hennar eigen grunnvoll, var komen til ’point of no return’. M.a. gjekk det opp for meg at han som på 1970-talet ordinerte meg til prest i Dnk umuleg kunne kjenne seg att der lengre, og ikkje kunne ha blitt biskop idag. For å kunne ha ei framtid som truande og prest, trengte eg difor alternativ. Eg var den tida aktiv i Samråd på Kirkens Grunn, og vår søkjing etter alternativ førte oss i kontakt med ei gamalkatolsk kyrkje i USA og ein biskop som ville ta ansvar for oss. Der var svar på våre spørsmål og brikkane fall på plass. Eg lærte fort å verdsetje den gamalkatolske identiteten som både strekkjer seg etter den udelte kyrkja si tru og hevdar kyrkjeleg fridom frå både statleg overstyring og usunn sentral kyrkjemakt.

– Du har skrevet litt om at vi trenger helter, og at vi bør se til helgenene.
Er det en bestemt helgen eller kirkefader du setter særlig høyt, og i så fall hvorfor?

Athanasius, biskop i Alexandria på 300-talet er ein kyrkjeleiar eg set høgt. Han stod støtt i den arianske striden om Kristi person og forsvarte den nikenske trua. Han var urokkeleg i møte med politisk press og betalte dyrt for sitt engasjement. Dessutan løfta han fram ørkenfedrane som åndelege rettleiarar.

– Er det noen person i vår egen tidsepoke som særlig har inspirert deg?
Prestekolleger som i fyrste generasjon av Den nordisk-katolske kyrkja ofra løn, karriere, omdøme og tok store personlege omkostningar for det dei trudde var rett og sant. Dei er åndelege heltar det står respekt av. Og det vil gro i deira spor. Sjølv slapp eg billeg frå overgangen.

– Vår liturgi er preget av farverikt tøy, røkelse, lys, prosesjoner, resitativisk sang. Det er inspirerende for mange og fremmed for andre. Vil du si at det er en slags teater? Hvorfor/Hvorfor ikke?
Ja, det er eit teater. I kvar messe vert vi deltakarar i det kosmiske drama om mennesket og maktene. Kyrkjelyden vår tilbed og lovsyng samstemt med dei himmelske skarane. Vårt teater er ikkje for eit publikum, men vi er medaktørar i det drama der Guds lam som ber verdsens synd vert tilbedt og æra som sigerherren over synda og dødens makt. Frelsa gjeld oss med hud og hår, sansar og sinn, kropp og sjel. Dette må prege vårt liturgiske liv, som difor gjer seg bruk av fargar og harmoniar, lukter og syner. Det vakre står i det gode og det sanne si teneste.

– Coronaviruset har satt en demper på samlinger i kirken. Kan du si noe om de problemer og nye muligheter dette har medført siste år for deg og kirken?
For mange har pandemien sett både arbeid og familie i spel. Slike må vi rette ei utstrekt hand til. Men for alle har tida med lockdown også gitt nye høve til retrett og refleksjon, fordjuping og fornying. Denne tida har også vore eit ’memento mori’, ei påminning om døden. Det er nyttig og nødvendig å tenkje tanken på sin eigen død.

– Hva er dine tanker om hva vi som kirkesamfunn kan gjøre for å nå flere?
Fyrst må vi slutte heilhjarta opp om kyrkja. Menneske som går på kyrkjeveg, som talar vel om kyrkja si og er ærleg glade for henne, er eit enormt evangeliserings-potensial. Kyrkjemedlemane er kyrkja si kontaktflate med omverda. Dagleg møter vi vener, familie, kolleger, naboar. Kvart møte på gatehjørnet, i sofakroken, over hagegjerdet og arbeidsbenken er avgjerande.
Rundt oss opplever vi at Gud meir enn før er mest til pynt. Difor gjeld det at vi er synlege og nærverande som fellesskap. Fyrst og mest gjeld det i messefeiringa. Men også i det offentlege rom må vi stå fram. I sosiale medier. I debattspalter. Apostelen skriv at Anden og vatnet og blodet vitnar om Kristus, og den som trur på Guds son har vitnemålet i seg. Det må vi leve etter.

– Kan du si noe om det er forhold eller utfordringer som vi i vår kirke internt og som enkeltlemmer bør arbeide mer med og bruke mer tid og fokus på?
Vi er ei ung kyrkje som står i ein lang tradisjon. Alle vi som er konvertittar treng å bruke tid og tankar på å utdjupe og konsolidere vår tru og praksis som katolske truande. Det handlar om slikt som å verdsetje og bruke regelmessig dei heilage sakramenta, søkje innsikt i ’den udelte kyrkja si tru’, ikkje ta kyrkja si for gitt som eit offentleg tilbod men slutte opp om og ta ansvar for henne og aktivt søkje etter sine nådegåver og tenesteoppgåver.
Vi må som kristne også i stadig større grad innstille oss på å leve som minoritet i samfunnet. Ikkje lenger kan vi ta for gitt at kulturen vi lever i, gir oss støtte, motivasjon eller rom for det vi trur. Så lenge vi vert tolt, må vi glede oss over det. Men vi treng å førebu oss på trongare tider.

– Er det noe du vil tilføye som jeg ikke har stilt spørsmål om?
Fleire stadar i landet har vi små trusfellesskap, nokre er på veg opp og andre står så vidt på eigne bein. Det er meir krevande å vere få enn å vere mange, og det er ei viktig bøneoppgåve og eit kall å hjelpe desse til å bli fleire og å rekruttere nye diakonar og prestar til teneste.

Takk for at du stilte opp til intervju, og har gitt oss dine gode refleksjoner. Vi ønsker deg til lykke med din gjerning og håper at bispevigselen nå kan gjennomføres til høsten uten ytterligere utsettelse.

Diakon Erik Matias 

Translate »